17.mai

Bli med på ei 17-mai feiring utanom det vanlege i unike omgivelsar på Norges tak. Me på Finsehytta inviterer til eit fullt program med alt frå 17. mai-tog til Hardangerjøkulen til koldtbord med fantastisk mat på Finsehytta.            

17. mai må opplevast på Finse. På grunnlovsdagen brer det seg ein heilt spesiell stemning over det vetle samfunnet her på Finse. Dagen startar klokka 8:00 med flaggheising og "Ja, vi elsker" utanfor Finsehytta, etterfylgt av vår gode frukostbuffet frå 08:00 til 10:00. Deretter er det klart for det tradisjonelle 17.mai-toget oppover mot Jøkulhytta på Hardangerjøkulen. Eit 17.mai-tog med flagg og ein god blanding menneske med både bunadar og sportsklede. På Jøkulhytta steller Finse Røde Kors i stand ei enkel servering med varm mat og drikke. Deretter er det mogeleg å renne ned igjen til Finse, eller å gå den litt lengre Jøkulrunden for dei som ynskjer det.

Vel nede igjen på Finse vil Finsehytta i samarbeid med Finse 1222 og Hardanger Åtgaum stelle i stand feiring på Finsevatnet, med musikkinnslag og tale for dagen. Frå klokka 16:00 til 20:00 er det klart for vårt tradisjonelle 17.mai koldbort på Finsehytta. Her vil det vere eit stort utval av varme og kalde rettar, samt kakebord til dessert. Må førehandsreserverast då me kun har 200 plassar. 

Program blir oppdatert når alt er på plass.

Hjarteleg velkommen!



Rigmor Sæbo- vertinne
Rigmor Sæbo- vertinne Foto: Roos Lantik