Turtips Vinter

Finse er ein perfekt stad for skiturar. Her kan ein både gå frå er hytte til hytte, eller ta dagsturar i området. Snøen ligg vanlegvis til slutten av mai. Det er kvista løyper i retning dei andre hyttene i området, som Geiterygghytta, Krækkja og Hallingskeid. Finse er ikkje berre eit paradis for fjellskientusiaster, også kiting og skisegling er en populær aktivitet i vintermånadene. Det har også blitt populært med toppturar på randoneeski. For dei som ikkje er interessert i skigåing, kan ein tur med truger vera å anbefale. Det er også fint å sitte inne eller i hytteveggen å nyte en kopp kakao til ei fantastisk utsikt.

Appelsinhytta

Appelsinhytta er eigd av Finse Rødekors, og er ei lita nødbu. Den ligg ca. 5 km fra Finse, ved foten av Hardangerjøkulen. Det er ein fin liten tur, som passar for alle nivå. Følg kvistinga over Finsevatnet mot Hardangerjøkulen. Turen varierer med opp- og nedoverbakkar og noko flatt. På ein godværsdag er det perfekt å sitte i hytteveggen på Appelsinhytta og ete niste og drikke kakao i solskinnet. Dersom det er kaldt er det mogeleg å gå inn i hytta. Hytta er ikkje egna til overnatting.

Klemsburunden

Klemsbu ligg på ca. 1600 moh. Her er det enkel servering i helgene i vintersesongen. Ellers er hytta låst, og det er ikkje mogleg å gå inn. Kryss togsporet ved Finse 1222, og følg kvistinga oppover. Det er bratt eit stykke av vegen, og turen egnar seg for vaksne og barn i god form. Dersom ein likar ei bratt nedkøyring, er det mogeleg å snu på Klemsbu og ta samme veg tilbake. Om ein ynskjer ei litt slakkare nedkøyring og ein litt lenger tur kan ein fortsette vidare på Klemsburunden som fører deg tilbake til Finse ein annan veg. Det er ca. 5 km til Klemsbu, og heile runden er på ca. 15 km

Kart finn du på ut.no:

https://www.ut.no/hytte/3.2464/


Jøkulrunden

Jøkulhytta ligg på toppen av Hardangerjøkulen 1850 moh. Denne turen er for meir erfarne skikøyrarar. Følg merkinga til Appelsinhytta, og start stigningen opp mot Jøkulen. Her er det nokre ganske bratte parti, så feller og stålkanter er ein fordel. Ein kan gå til Jøkulhytta og tilbake (ca 20 km) eller fortsette Jøkulrunden over breen (ca. 25 km) og komme ned lenger vest. Då kjem ein ned i løypa frå Hallingskeid, og fortset over Finsevatnet tilbake til Finse. Hugs å vis omsyn til vêr og vind. Dette er ein tur for dagar med godt vêr. Turen blir vanlegvis kvista litt ut i vintersesongen når snøforholda tillater det.

Sjå kart på ut.no:

https://www.ut.no/tur/2.9762/

Opplev Hardangervidda på 8 dagar!

Om du har tid anbefalar me ein lengre tur over Hardangervidda. Turen startar frå Finse heilt nord på Hardangervidda, og sluttar på Rjukan sør på Hardangervidda.

Trykk her for meir informasjon om turen.   ​​​​​​​

Rundt Finse fins det også fleire mogelege dagsturar utanfor dei kvista løypene. Spør i resepsjonen for turtips! 

Hytte til Hytte

For informasjon om hytte til hytte-turer, besøk https://www.ut.no/ eller få tips hos DNT turinformasjon: turinfo@dntoslo.no


BEKLEDNING OG NØDVENDIG UTSTYR:                                                                                                                               Husk at været skifter raskt i fjellet. Sterk vind og kulde kan være utfordrende. Sjekk ut DNTs pakkeliste om hva som bør være med i sekken. God forberedelse er viktig for en positiv turopplevelse. Ta en titt på fjellvettreglene, og sjekk alltid værvarsel.      

Kiting og skiseiling

Finse er ett attraktivt sted for kitere og skiseilere. Noen dager er vannet dekket av farger fra alle skjermene. Det er ett vakkert syn i det hvite landskapet. Finse 1222 arrangerer kurs i skiseiling.

Skiutleie

Finse 1222 driver skiutleien som ligger på stasjonen. For mer informasjon se deres hjemmeside

                                                                                        

Truger

Finsehytta har noen truger til utlåns til våre gjester. Spør i resepsjonen. En tur på vesle Finsenut med truger er å anbefale for dem som ikke er så glad i å stå på ski

SNØSKRED:                                                                                                                        Hold deg unna områder med fare for snøras. Går man utenfor kvistede løyper bør man ha noe kunnskap om rasfare. Sjekk varsom.no for å lære mer. Finse ligger i region Hallingdal. Varsom.no ligger ut oppdateringer om rasfare i de ulike områdene i Norge.