turtips sommar

Finse er eit utmerka startpunkt for hytte til hytte-turar innover Hardagervidda og Skarvheimen. Dersom sykling fristar meir enn turgåing, går den historiske Rallarvegen rett gjennom Finse sentrum. Sykkelutleige finn ein også på Finse.

For historieinteresserte kan ein tur innom Rallarmuseet anbefalast. Der får ein eit innblikk i Rallarane sitt arbeid, og livet på Finse opp gjennom tidene.

Finsehytta har fin beliggenheit som eit stopp på Rallarvegen, eller på hytte til hytte-turar. Det er også verdt å bli nokre dager og utforske den vakre naturen i området.

Finsenut med sin fantastiske utsikt, guida tur på Blåisen, og turar langs Rallarvegen til fots eller med sykkel er berre nokre av alternativa.



På veg til Sandalsnuten
På veg til Sandalsnuten
Sankt Pål
Sankt Pål
På vei ned fra Klemsbu
På vei ned fra Klemsbu


Rallarvegen Haugastøl - Finse - Flåm

1-3 dagar. Norges mest populære sykkelveg. Strekning: Haugastøl- Finse- Hallingskeid- Myrdal- Flåm.
Lengde: Ca. 80 km.

Det er få sykkelturar som er så spektakulære som Rallarvegen med den fantastiske fjellnaturen, elver og fossefall under vakre bruer bygd tidlig på 1900-talet. Start på Haugastøl, og ta fyrste etappe til Finse. Der kan du ta ein velfortjent pause på Finsehytta. Nokon stoppar for vaffel og kaffe, mens andre tar sin fyrste overnatting på turen. Deretter går turen vidare mot Myrdal og Flåm. Mange sykler heile etappen Finse - Flåm på ein dag. Det er ein grei etappe, men om du har god tid og ynskjer ein stopp til på vegen, er det overnattingsmuligheit på Hallingskeid, som er ei sjølvbetjent turisthytte. Den siste nedstigningen til Flåm er bratt og snirklete, og er ein fantastisk opplevelse. Ønsker du litt meir fart og spenning, kan du ta nordens lengste Zipline fra Vatnahalsen. Hugs å ta med klær til forskjellige vêrforhold. Vindtette klær, hals, lue og hansker bør vera med i sekken.
Sjå kart og meir info på UT.no eller meir informasjon på https://www.haugastol.no/rallarvegen

Aurlandsdalen via Geiterygghytta

Aurlandsdalen kan ta pusten fra deg, med den ekstreme villheten i elva som graver seg frem gjennom landskapet, og den fantastiske utsikten utover mot fjorden langt der nede.

Finse - Geiterygghytta - Steinbergdalen - Østerbø - Vassbygdi


Her møtes Østland og Vestland i et vakkert fjellområde. Skarvheimen har vært brukt som gjennomfartsvei for de som har tatt sjumilsstøvlene på og gått fra Jotunheimen i nord til Hardangervidda i sør. Kontrastene i landskapet er store - fra goldt steinlandskap til frodige dype daler, fra mektige fjell til buldrene fossestryk. Turen fra Finse til Flåm har alt dette!
Les mer her: https://ut.no/turforslag/1111848/aurlandsdalen-vill-og-vakker

Bevandring på Blåisen

5-7 timer

Guida tur på Blåisen med Jøklagutane (klikk for meir informasjon)

Dersom du ikkje er interessert i brevandring, er turen til foten av Blåisen å anbefale. Kryss demningen ved Finsevatn, og følg T-merkinga. Turen tar ca 3-4 timer tur-retur Finse. Ikkje gå på breen uten breutstyr.


Sandalsnuten

Sandalsnuten ligg 1554 moh i Hallingskarvet Nasjonalpark. Dette er ein flott tur, med fleire alternative ruter. For å komme opp kan du følgje merka sti mot Klemsbu/Geiteryggen, og ta til høgre opp mot Sandalsnuten før sommarbrua. Det er ikkje merka løype. Når du er oppe kan du gå tilbake samme veg, eller fortsette mot Finse via Jomfrunuten, og gå inn på sti frå Raggsteindalen.

Klemsbu og Sankt Pål

Ein anbefalt tur på en godvêrs-dag. Følg T-merka sti mot Geiterygghytta. Klemsbu ligg på ca. 1600 moh. Det er ikkje servering på Klemsbu på sommaren. Hytta er låst, men det er fint å sitte i solveggen. Når du kjem til Klemsbu er det verdt å ta ein tur opp på Sankt Pål (1695 moh) dersom det er fint vêr. Nydelig utsikt i alle retningar. Det er ei sommerbru på veg til Klemsbu. Denne blir lagt ut i begynnelsen av sommarsesongen, og tatt ned før me stenger på høsten. Ca. 12 km tur retur.


Vetle og Store Finsenut

Vetle Finsenut har full utsikt over Finse. Følg Rallarvegen til brua og tunellen i retning Bergen. Start ved tunelloverbygget og gå opp i skaret mellom nutane (der høgspentmastene går). Det tar ca 1-2 timer til Vetle Finsenut. Om ein ynskjer ein litt lengre tur kan det absolutt anbefalast å ta turen vidare til Store Finsenut. Da går ein ned, og vidare innover dalen, og opp på baksida av nuten. Løypene er ikkje merka, men det er lett å finne vegen. Frå Store Finsenut har du utsikt innover mot Sandå og Fagernut. I slutten av juli er det dekka av fjellblomster på vegen opp. Ein nydelig turopplevelse. Turen tar nokre timar, og er ein perfekt liten dagstur. Ta med ei god nistepakke og kaffi og nyt dagen!


Jomfrurunden

Ein fin tur når du har ett par timer før toget. Følg stil mot Geiterygghytta. Ta av i kryss med skilt mot Jomfrurunden, og følg røde streker på steinene opp mot Jomfrunuten. Fra Jomfunuten går løypa ned til stien frå Raggsteindalen. Ein tur som passer fint med barn. Nydelig utsikt over Finse.

Rallarmuseet på Finse

Ta ein tur innom Rallarmuseet og få eit innblikk i det imponerande arbeidet med å bygge Bergensbanen og Rallarvegen. På museet sine nettsider finns informasjon om åpningstider.