Finsehytta støttar organisasjonen Prosjekt Peru

Prosjekt Peru er ein organisasjon som blei starta i 1993 av Dag Petter Svendsen. Prosjektet driv i dag ein barneheim og ein skule i byen Monsefu nord i Peru. På barneheimen bur det 16 barn, og på barneskulen går det 120 barn. Barna som bur på barneheimen har foreldre som av ulike grunnar ikkje kan ta seg av dei. Skulen til Prosjekt Peru er gratis, og sikrar skulegang til barn som kjem frå fattige familiar.

Hilde som har jobba ved Finsehytta sidan Rigmor og Edvar tok over hytta i 2008, har vore frivillig ved Prosjekt Peru frå juli til desember 2016. Her underviste ho i engelsk på skulen til Prosjekt Peru, og hadde aktivitetar med barna på barneheimen på ettermiddagstid.

Våren 2017 har Peru vore ramma av ekstremvær, med unormalt mykje nedbør. Dette har gått hardt utover husa barna bur i på barneheimen til Prosjekt Peru. For at barna ved barneheimen fortsatt skal vera sikra ein trygg busituasjon, treng husa omfattande vedlikehald. Finsehytta har vore med på å bidra til dette vedlikehaldet. Dersom de ynskjer å vere med å hjelpe, er Prosjekt Peru svært takknemeleg for alle bidrag. For å finne ut meir om Prosjekt Peru, kan de besøkje heimesida deira www.prosjektperu.no og facebooksida https://www.facebook.com/prosjektperu/?fref=ts