Opplev Hardangervidda på 8 dagar

Frå Finse i nord til Rjukan i sør

Foto: Finsehytta

Dag 4: Stigstuv – Rauhelleren (ca. 12km). Rauhelleren er betjent frå 22.mars til 28.april. Hytta er open for sjølvbetjening til 22.mars, og de må ha DNT-nøkkel.

Dag 5: Rauhelleren – Mårbu (ca. 20km). Vel framme på Mårbu er 81 av 137,6 km unnagjort, og de er over halvvegs i ruta. Mårbu er betjent 22.mars til 22.april. Er du trøtt og sleten etter lange dagar på farten, er Mårbu ein perfekt stad å restituere i flotte omgivnadar, med hyggeleg vertskap. Ein finn fleire fine dagsturar om ein ynskjer å utforske området. Fram til 22.mars er Mårbu sjølvbetjent, og de må ha med DNT-nøkkel. 

Dag 6: Mårbu – Kalhovd (ca. 22km). Kalhovd er betjent og open frå 22.mars til 22.april. Frå 15.februar til 21.mars. er hytta ubetjent, og de må ha med DNT-nøkkel.

Dag 7: Kalhovd – Helberghytta (ca. 22km). Helberghytta er sjølvbetjent, og de må ha DNT-nøkkel.

Dag 8: Helberghytta – Rjukan Fjellstue (ca 12,6km). Rjukan Fjellstue er betjent. 

Dag 1: Ta ettermiddagstoget til Finse, og varm opp med ein god middag og ei natt på Finsehytta. Finsehytta er open 3.mars til 12.mai.

Dag 2: Finse – Krækkja (ca. 26km). Etappen frå Finse til Krækkja er lang, men terrenget er flatt og  kvistinga god. Krækkja er open 1.mars til 5.mai.

Dag 3: Krækkja – Stigstuv (ca. 23km). Stigstuv er open frå 6. til 17.april. Utanom den tid er hytta stengd, og turen må leggast direkte frå Krækkja til Rauhelleren (ca. 29km)

Foto: Mårbu turisthytte